Reduserer spenning i kroppen
Psykomotorisk fysioterapi rettar seg mot bevisstgjering og endring av spenningstilstandar i kroppen.
Pust og spenningstilstand i muskulatur endrar seg, etter korleis vi har det og kva vi opplever. Vi er skapte for å kunne handtere utfordringar i livet. Vi blir til dømes anspente før ein eksamen, men slappar av og «pustar ut» etterpå.
Dersom spenningane blir verande i kroppen over tid, kan ein få smerte i musklar, skjelett og sener.
Langvarig stress, traumer og andre livsbelastningar verkar inn på kroppen. Vi kan merke dette både i spenningsnivå, vanskelege kjensler og auka tankeaktivitet. Naturlege funksjonar som søvn, apetitt, fordøying og temperatur-regulering kan då bli forstyrra.
Psykomotorisk fysioterapi kan hjelpe deg å gjenopprette normale funksjonar i kroppen og vere hjelp til sjølvhjelp i ein endringprosess.
Kva går behandlinga mi ut på?
Eg gjer først ei undersøking av mellom anna kroppshaldning, pust, muskulatur, måten du bevegar deg på og evne til avspenning. Undersøkinga kan skje med klede på.
Vi samtaler om kva som kan vera årsakstilhøve for dine plager og kva du ynskjer å oppnå med behandlinga.
Behandlingstiltak blir valt ut frå dette. Det vil innebere ulike former for berøring, massasje og rørsle. Vi knyter samtale til, eg etterspør kva du kjenner, for refleksjon og bevisstgjering.
Psykomotorisk fysioterapi – nyttig for deg som:
– opplever å vere anspent i kroppen
– har hatt smerter i kroppen over lengre tid
– har plager relatert til pust
– har angst eller depresjon
– har eteforstyrring eller har eit vanskeleg tilhøve til eigen kropp
– er veldig trøytt eller kjenner seg utmatta
– har opplevd sjokk eller traumer
Informasjon om Psykomotorisk fysioterapi Torunn Gjerstad
Om Psykomotorisk fysioterapi Torunn Gjerstad
Psykomotorisk fysioterapi – brosjyre
Faggruppa si brosjyre om Psykomotorisk Fysioterapi